onsdag 4. februar 2009

Adaptasjon!

"Mannen som elsket Yngve"- Adapsjon frå bok til film.


Me har no, i norsken, hatt ei oppgåve om adaptasjon. Eg blei gankse nøgd med han, så eg tenkte eg skulle dele han med dykk.

"Mannen som elsket Yngve" er ei bok som Tore Renberg skreiv i 2003. Boka handlar om ein gut på 16-17 som heiter Jarle. Det fyrste møte med han, er når klassen er på skoletur. Der møter han Helge, som han snakkar med for fyrste gong, og som skal bli hans framtidige bestevenn. Etter dette blir livet til Jarle snudd opp ned.
Delen som eg skal skrive om i denne oppgåva, er den fyrste delen av boka. Eg har sett filmen, og lest utdraget av dei fyrste kapitla. Eg skal skrive litt om forskjellar mellom boka og filmen, i forhold til adapsjon.
Det fyrste eg la merke til da eg såg utdraget av filmen, og etter å ha lest dei to fyrste kapitla, var at i boka tenkte Jarle mykje meir enn i filmen. I boka får vi høyre om samfunnet han lever i, ting han syns er verdt å nemne, og ein del personar som har hatt noko å seie for historia. Musikk fortel han også ein del om. Korleis det var å leve på slutten av 80-talet og byrjinga av 90-talet, kjem godt fram i boka.
I boka fortel Jarle oss også om mange personar. Han seier til dømes at «ingen har hørt Kurt Cobain Synge «smells like teen spirit», det er ikke grunge som gjelder og ingen har lest i avisa at Cobain er død av overdose». Så det han gjær, er at han fortel oss ting som har skjedd, men sidan dei lever tidleg på 90-talet, har det ikkje skjedd i boka enda. Det er heller ikkje noe som skal bli nemnt i boka, det blir bare sagt for å framheve hans frustrasjon, og at vi skal bli få betre inntrykk av kva for ein tidsperiode boka si handling er i. Det er eit ganske interessant verkemiddel i boka.
Eit anna verkemiddel som brukast i filmen er musikk. Musikken som er brukt er frå den tida handlinga finnar stad. Den gir meir inntrykk og kjensler for situasjonen. Ein blir meir interessert i å sjå vidare.
Ein annan skilnad er at i filmen har Katrine ei større rolle frå byrjinga. Både Jarle og Helge snakkar om kor fin ho er og dei ser bort mot ho fleire gonger. I boka blir ho nemnt berre ein gong, og da som Jarle sin framtidige kjæraste.

Det er også endringar i dialogane. Eg syntest at filmen har mykje meir dialog enn boka. I boka er det mykje tankar. Men det dei har valt å behalde likt, er det at Jarle er forteljar både i boka og i filmen.
Når Jarle og Helge først møtast, byrjar dei å snakke saman. Dei snakkar om den kjipe skoleturen og musikk. Dei fann ut at dei har ganske lik musikksmak, og finn ut at dei skal stikke frå skoleturen. Da eg las om dette i boka, syntest eg at det var musikken som fekk dei saman. Dei snakka mykje om det, og hadde nokon felles favorittar og nokre ueinigheiter. Det var likevel musikken som blei starten på deira vennskap. I filmen følte eg ikkje det same. Helge spurde Jarle berre om kva han høyrde på, og det blei litt dialog att og fram og så snakka dei om noko anna. Så eg syntest ikkje at musikken speler like stor rolle i scenen om møte mellom dei i filmen som i boka.

Eg meiner at dei har endra ein del ting da dei gjorde boka om til film. Dei har gjort om fleire ting, slik at filmen skal bli meir spennande og interessant for dei som ser ho.
Kjelder:
-Tore Renberg(Bok, 2003): "Mannen som elsket Yngve".
-Stian Kristiansen(Film, 2008): "Mannen som elsket Yngve"
-Artikkel: http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article514680.ece